LightWEB
Startside

Om oss    Garden vår    Produkt    Kor finn du varene våre?    Oppskrifter    Omvisning    Lenkjer    Kontakt oss

LightWeb
 
 
Hei! Sit du med ein telefon i handa?
Då er det ikkje sikkert du ser menypunkta på linja over her. Soom inn, trykk, hald nede litt og finn mykje
informasjon om Høgt & Vilt, Urter frå Devik.
 
Du kan lese om garden, den økologiske urteproduksjonen og produkta våre.
Sjå og Instagram.com/hogtogvilt 
 
Stabbursbutikken er stengd for i år, f.o.m. 25. september
Men ta kontakt på mail eller tlf så kan de framleis handle direkte frå oss.
De finn varene våre i ei rekkje mat- og gåvebutikkar (sjå eige menypunkt)  
 
Salsdagar vi deltek på framover mot jul:
Samfunnshuset i Florø,  no på laurdag 17. november, husflidsmesse 12.00 - 17.00
Runnevang, søndag 1. desember 14.00 - 17.00, lokal julemarknad
Førde barnesskule, søndag 8. desember 12.00 - 16.00 Husflidshandverkarane i Sogn og Fjordane sin julemarknad
Sandane senter, torsdag 12. desember, langope til 23.00 (men vi pakkar ned frå 22.00)
Skywalken i Førde  torsdag 19. og fredag 20. desember
 
Tesmaking: Det er ingen annonserte datoar no, men grupper kan bestille og avtale tidspunkt
 
 

TESMAKING

Bli med på ei smaks- og kunnskapsreise inn i urtene si store verd!

Vi presenterer eit utval urter som er dyrka eller har vakse vilt her i Devik. Vi formidlar kunnskap om botanikk, bruk, innhald mm. Vi snakkar om sansar og smaksteknikk. Og langs med får du sjølvsagt smake! Du får smake teblandingane våre, og tear laga av enkelturter, tørka og ferske. Produkta er hausta og foredla på garden; plukka, tørka og rensa for hand. Marthe er guide gjennom det heile og ein fin kunnskapsformidlar. 

Set av eit par timar til ei oppleving for sansane saman med oss i Høgt & Vilt

Pris 300,- pr person. Påmelding til Bjørg eller Marthe på tlf 90865761 /48044135
 

Ta kontakt for meir informasjon og bestilling! Anbefalt for grupper på 6 -10 personar.

 
 

 
 
 
Omvisning, må bestilast på førehand.
 
Tesmaking
På tunet, med vakker utsikt over Gloppefjorden eller rundt bordet inne blir du kjent med eit utval urter vi dyrkar her. Du får smake nokre av teblandingane våre og tear laga av enkelturter.
 
Stabbursbutikken er open i sommarhalvåret, april - september.
I hyllene finn de alle produkta våre og får informasjon med på kjøpet.
Tysdagar 10.00 - 16.00 er fast opningstid i år, 2019
Ynskjer de å kome til andre tider så ta kontakt. Vi opnar når vi er her.
Ta kontakt dersom de ynskjer å kome til gards for å handle resten av året.
 
Bestill på mail eller telefon så sender vi varer i posten.
Du finn vareliste under menypunktet "kvar finn du varene våre" + "bestill direkte frå oss"
 
Produkta:
Eit godt utval av urtetear, urtekrydder, urtesalt og blomster til pynt på maten
finn du i ei rekkje mat- og gåvebutikkar. 
Sjå under menypunktet "Kvar finn du varene våre?" Der finn de ei liste over desse butikkane.
Ferske urter i buntar
sel vi i sesongen ca 20. april - 20. oktober 

Salsdagar vi brukar å delta på: (Datoar kjem etter kvart)

Friluftshelga i Hyen, 27.juli 2019
Matamål på Sandane, 28. september 2019
Messe i Dalsfjord, 2. november 2019
Husflidsmesse i Florø 17. november 2019

Nattope Sandane senter 12. desember 2019

Juleverkstad i Runnevang, på Rygg 1. desember 2019

 
 
 

Høgt & Vilt, Urter frå Devik
                   
Kontaktperson: Bjørg Devik Aurlien
Adresse: N-6828  Hestenesøyra
Telefon: +47 57 86 91 73
Mobil: +47 908 65 761
Website: www.hogtogvilt.no

  Debio
 

© LightWeb